Landbruksselskapet i samarbeid med faglaga og Statsforvaltaren i Vestland arrangerar inspirasjonsdag for lokal foredling av mjølk i Vestland.

Målgruppe:

Gardsbruk i Vestland med kvote på 50 000 – 100 000 liter mjølk, der bonden har interesse for foredling eller ysting og kan tenkje seg å starte eit handverksysteri.

Aktivitet
Inspirasjonsdag gir ei innføring i kva mogelegheiter som ligg i ysting av eiga mjølk, marknad og regelverk.

Formål
Kursa gir deg innsikt i det å foredle eiga mjølk, omfang og oversikt over kva kunnskap du treng for å starte. Med foredlingskvote kan du auke mjølkeproduksjonen eller samarbeide med eit handverksysteri. Dette kan gi auka verdiskaping på garden, fleire arbeidsplassar og auka matproduksjon.

Påmeldingsfrist
11.april 2021

Webinaret vil ta opp tema råvara, tradisjonsostar, sensoriske eigenskapar, marknaden, regelverk, økonomi og korleis er det å vere gründar og bli kåra til verdsmeistar i ost?

I dag er det lite foredling av kumjølk i Vestland. Det er underdekning i marknaden for handtverksost i Norge – det er plass til både fleire ystarar, fleire typar ost eller enkle foredlingar lokalt av syrna produkt som surmjølk og yoghurt. Den gode kvaliteten på den norske mjølka er noko av årsaka til gode resultat i tevlingar.

Har du overskot på mjølk, kan løysinga vere å legge opp til foredling av 10, 30 eller 50 000 liter mjølk, med relativt små og enkle investeringar på garden?

Velkommen til deg som lurer på å foredle mjølka di sjølv eller samarbeide med nokon som vil starte ysteri. Gjennom dagen ønskjer vi å inspirere og gi deg innblikk i kva arbeid som ligg bak ein ost.

Arrangør og samarbeidspartar:

Sogn og Fjordane Landbruksselskap, Statsforvaltaren i Vestland,
Kompetansenettverket Lokalmat Vest, Bondelaget Vestland,
Noregs Bonde- og Småbrukarlag. Tiltaket er støtta av Vestland fylkeskommune. 

Vi bruker cookies for å gi deg en bedre brukeropplevelse. Ved å akseptere og bruke nettstedet videre, godkjenner du bruk av cookies.
0
    0
    Handlekurv
    Handlekurven er tomTilbake til oversikten